LiDAR, habitatstruktur og hjorteviltøkologi i eit landskap av frykt

Karen Lone forsvarte sin doktorgradsavhandling, “LiDAR, habitatstruktur og hjorteviltøkologi i eit landskap av frykt”, den 13. februar, 2015.
Tema for prøveforelesningen var “Do females and males perceive the environment differently? Sex-specific predation risk and antipredator strategies in birds and mammals”. Vi gratulerer med graden!

Sammendrag av avhandlingen

Uttrykket «landskap av frykt» skildrar ein situasjon der åtferda og den romlege habitatbruken til byttedyr vert forma av mønster i predasjonsrisiko i tid og rom. Slike åtferdsmessige og indirekte effektar av predasjon har ikkje blitt studert i like stor grad som numeriske og direkte effektar. Ei av utfordringane med å studere dette på landskapsskala har vore evna til å karakterisere habitat over store områder med høg resolusjon. Denne avhandlinga tar for seg dei romlege risikomønstera som skapast av eit naturleg rovdyr og av menneskeleg jakt og korleis desse to funksjonelle predatorane påverkar habitatseleksjonen og økologien til skoglevande hjortevilt (rådyr, hjort og elg) i tre studiesystem i Noreg.

Eg bruka nyvinninga flyboren LiDAR (light detection and ranging) til å samle data om habitatstruktur på stor skala. Dei tredimensjonale LiDAR dataa vart bruka til å 1) belyse korleis tettleiken av undervegetasjon, kronedekke og andre trekk ved eit habitat verkar inn på byttedyr-rovdyr vekselverknader, og 2) predikere beitetilgang for vilt. Strukturinformasjon frå LiDAR var tilstrekkeleg for å modellere predasjonsrisiko frå gaupe og jegerar. Derimot måtte LiDAR brukast i lag med andre datakjelder, fortrinnsvis informasjon om dominerande treslag, i prediksjonen av tilgjengeleg beite.

Dei fleste studiar tek for seg eitt einskild byttedyr-rovdyr par. Når store rovdyr no re-etablerer seg i mange områder vil fleire byttedyr måtte ta stilling til fleire rovdyr som jaktar på dei med ulike taktikkar. Eit eksempel på ein slik understudert multi-predator situasjon er rådyr i Sør-Noreg, der dei har to predatorar (gaupe og menneske). Eg dokumenterte at dei ulike jaktmetodane til desse to rovdyra førte til motstridande risikomønster for rådyra. Risikoen for å bli drepen av gaupe auka med tettleiken av undervegetasjon, medan risikoen for å bli drepen av jeger minka. Det kan på grunnlag av dette syntest som at indirekte effektar av predasjon vil vere mindre viktig i system med fleire rovdyr, enn i system med færre, eller berre eitt rovdyr. På grunnlag av dei romlege risikomønstra har eg undersøkt dynamiske endringar i habitatbruk som følgje av risikomønster i tid. Døger- og sesongvariasjonar vart studerte for rådyr og adaptive responsar til starten av jaktsesongen vart studerte i ein hjortebestand som hadde høgt jakttrykk og var praktisk sett fri for anna predasjon. Rådyr endra habitatbruken sin slik at dei bruka områder med låg risiko i den tidsperioden predatoren var mest aktiv. Unntaket var vinterstid, då tilpassa rådyret seg gaupa i mindre grad, kanskje ikkje i det heile. Dette var sannsynlegvis grunna tøffe vinterforhold som førte til at avveginga mellom risikoreduksjon og energetiske omsyn var meir kostbar enn i dei andre sesongane, og dette avgrensa rådyrets habitatseleksjon i denne sesongen. I hjortestudiet vart det klart at habitatbruken til dyr som overlevde jaktsesongen det året skilde seg frå habitatbruken til dei som vart skotne. Alle bukkane bruka likt habitat i dagane forut for jaktstart, men habitatbruken rett etter jaktstart var ulik: bukkar som overlevde jakta hadde tatt i bruk habitat med meir skjul, medan dei bukkane som seinare vart skotne ikkje hadde endra habitatbruken sin. Denne responsen på jaktstart syntest å vere adaptiv, i og med at det var ein klar samanheng med overleving, som ein saman med reproduksjon er avgjerande for individuell fitness. I det siste studiet utvida eg habitatkarakteristikken til å omfamne også tilgjengeleg mengde beite, og undersøkte korleis habitatbruk hos elg avhenger av beite og to LiDAR variablar som fangar opp variasjon i skjul og temperaturforhold: tettleik av undervegetasjon og kronedekke. Alle desse tre funksjonelle habitatgradientane var viktige for å forklare habitatseleksjonen til elg sommar og vinter, både på heimeområdeskala og landskapsskala. I tillegg til å vere enklare enn å først predikere ein bakkemålt eigenskap, gjev det god meining og gode resultat å inkludere habitatstrukturvariablar som er direkte utrekna frå LiDAR data i studiar av habitatseleksjon.

Denne avhandlinga belyser romlege mønster og tidsaspekt ved romleg antipredasjonsåtferd hos hjortevilt, og den viktige rolla avvegingar spelar for dette. Mitt arbeid demonstrerer nokre måtar å bruke habitatstrukturinformasjon frå LiDAR-data i økologiske studiar på stor skala. Det slår fast at jegerar og rovdyr påverkar åtferda til norsk hjortevilt gjennom «landskap av frykt», og ikkje berre bestandsstorleiken gjennom drap. Storleiken på dei indirekte effektane av menneskeleg jakt og naturlege rovdyr og spørsmålet om predasjon og jakt forårsakar kaskade-effektar i næringskjeda er verdt å forske vidare på.

Veiledere

Professor Leif Egil Loe (hovedveileder) (INA, NMBU)
Professor Terje Gobakken (INA, NMBU)
Professor Atle Mysterud (CEES, Institutt for biovitenskap, UiO)

Bedømmelseskomité

Førsteamanuensis Kerri Vierling (Fish and Wildlife Resources, University of Idaho)
Amanuensis Simone Ciuti (Department of Biometry and Environmental System Analysis University of Freiburg)
Professor Geir Sonerud (INA, NMBU)

Referanse

  • Lone, K.. ((2015). Lidar, habitat structure and the ecology of ungulates in a landscape of fear.). PhD Thesis.
    [Bibtex]
    @PhdThesis{Lone2015,
    Title = {LiDAR, habitat structure and the ecology of ungulates in a landscape of fear},
    Author = {Lone,K.},
    School = {Norwegian University of Life Sciences},
    Year = {2015},
    Owner = {hanso},
    Timestamp = {2016.03.02},
    Url = {https://static02.nmbu.no/mina/forskning/drgrader/2015-Lone.pdf}
    }