Masteroppgave: Allelopatisk effekt av krekling på rekruttering og overlevelse av pionertrær i tregrenseøkotonen.

Skrevet av Inger Elisabeth Hilstad

Prosjektet ForestPotensial har ei rekkje problemstillingar knytt til vekst i- og utbreiing av norsk skog. Eit endra klima endrar det ytre fysiske miljøet som er med på bestemme vekstforholda til skogen, og studiar har vist at endringane ikkje får same effekt langs breiddegradient og høgdegradient. I tregrenseøkotonen er trea i stor grad på tolegrensa med tanke på klimatiske forhold og endringar i klima kan følgeleg få konsekvensar for utbreiinga av skogen. Ein forsterkande effekt i denne samanhengen er nedgang i tall beitande husdyr i fjellet. Sætertradisjonane har vore i sterk nedgang etter krigen. Sætringa påverka skogen både ved at dyr haldt rekrutteringa av tre nede, men også ved at ein trengte brensel og trevirke til sjølve drifta av sætra. Endringar i tregrenseøkotonen kan potensielt påverke både karbonbinding, albedoeffekt og biodiversitet.

Feltarbeidet til denne oppgåva vil bestå i å oppsøke 35 lokalitetar, som blei etablert og registrert fyrste gong i 2008. På kvar lokalitet er det 2-6 prøveflater med ein radius på 25 meter der opp til 12 tre blei valt ut på kvar prøveflate, ved hjelp av ein metode kalla «truncated point centered quarter method» (PCQ). På dei 35 lokalitetane, som er fordelt langs ein breiddegradsgradient på >1000 km, er det til saman 111 prøveflater, og 800 tre er målt. Prøveflatene blei også oppsøkt og registrert i 2012, og skal registrerast igjen i år (sommar 2018). Registreringane består av re-måling av høgde og diameter på dei tidlegare registrerte trea, samt registrering av rekruttering og mortalitet. Alle trea som var på flatane ved førre undersøking blei registrert med GPS med +/- 2 cm nøyaktigheit. Detter gjer at me med stor nøyaktigheit kan identifisera dei tidlegare målte trea.

Målet med mi masteroppgåve er å sjå på mengde krekling og annen vegetasjon, og tilvekst av småtre i prøveflater i tregrensa, for å vidare kunne sjå om det er ein samanheng mellom lokale variasjoner i vegetasjonen, i tillegg til klima og beiting, som påverkar tregrensa. Eg vil i kvar av prøveflatene opprette fem nye prøveflater med ein radius på 1 meter. Innanfor den sirkelen vil eg registrera dekning av krekling, andre buskar, urtar, gras, mosar, lavar og bar jord. Eg vil med dette sjå om eg finn nokon samanheng mellom andel småtre og resten av vegetasjonen, med spesielt fokus på krekling, og korleis eit slikt samspel varierer langs transektet. Krekling har utvikla eigenskapar som kan gjera den einerådane der den har utbreidd seg og kan difor spela inn som ein faktor som gjer at det blir vanskeleg for trea å etablere seg. I tillegg unngås den av rein (Rangifer tarandus), og sannsynlegvis andre beitedyr, på grunn av låg beiteverdi. Dette kan redusere beiting i områder med mykje krekling, noko som igjen kan påvirke rekruttering av småtre. Samtidig vil beiting av andre arter enn krekling kunne hjelpe til å spreie krekling til større områder, som igjen kan påvirke tregrensen.

Masterstudent: Inger Elisabeth Hilstad
Veiledere: Kari Klanderud, Ole Martin Bollandsås

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *