Eit økologisk bruksområde: Bruk av flyboren laser skanning for å studere risikohabitat for rådyr

where can i buy accutane PhD-stipendiat Karen Lone studerer økologien til skoglevande hjortevilt i Noreg og brukar LIDAR for å kartlegge habitatets vegetasjonsstruktur. Her er ei kort oppsummering av dei første publiserte resultata frå dette arbeidet. I denne artikkelen identifiserer ho og medforfattarane kva trekk ved habitatet som påverkar risikoen for rådyr å bli drepen av gaupe og av jeger. Områder bruka av levande, GPS-merka rådyr vart samanlikna med plassar rådyr hadde vorte drepen. LiDAR variabelen som fanga opp tetthet i undervegetasjon var viktig for risikoen frå begge rovdyra, men gaupe og jeger motsett risikomønster. Som venta var risikoen for å bli drepen av gaupe høgast i tett undervegetasjon, medan risikoen for å bli drepen av jeger var høg dersom undervegetasjonen var meir open. Også terrengvariablar utleda frå den nøyaktige LiDAR terrengmodellen hang saman med risikonivå. Samanlikna med feltmålingar var LiDAR variablane omtrent like gode til å skilje mellom trygge og risikofylte habitat. Den store fordelen av å bruke LiDAR er at data dekker store områder med fin resolusjon. I dette studiet betydde det at ein kunne lage risikokart over heile området basert på samanhengane etablert frå feltplot. På landskapskala viser det seg at det er få og små områder der rådyra er trygge frå begge rovdyra som jaktar på dei (sjå figur).

Rådyr sin risiko for å bli drepen av gaupe og jeger, basert på GPS-merka dyr, jegerdata og fjernmåling av vegetasjon/topografi (LIDAR). Grøne og raude fargetonar viser respektivt til under/over gjennomsnittleg risiko.

cheap neurontin online Rådyr sin risiko for å bli drepen av gaupe og jeger, basert på GPS-merka dyr, jegerdata og fjernmåling av vegetasjon/topografi (LIDAR). Grøne og raude fargetonar viser respektivt til under/over gjennomsnittleg risiko.

Referanse

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *